Klimafestival midt i valkampen

23 Aug Klimafestival midt i valkampen

For tredje året på rad arrangerar Klimavalgalliansen i Trondheim sin lokale klimafestival. Vi har gjort det til ein sommarleg happening, seier Nina Weidemann i Besteforeldrenes klimaaksjon. Midt i valkampen er det jo heller ikkje så dumt å flytte fokuset meir over på dei langsiktige perspektiva.

Den nasjonale vendepunkt-markeringa som Klimavalgalliansen skal ha laurdag 2. september har dei i Trondheim valt å tjuvstarte og flytte til laurdag 26. august og opninga av klimafestivalen.

– Ja, det høyrest vel ut som vi her i byen på død og liv vil gjere ting på vår eigen måte og uavhengig av alle andre, ler Nina. Men dette er ei rein praktisk ordning, for å få mest muleg igjen for innsatsen vår, mobilisere medlemmer og nå fram til så mange som vi kan. Vi hadde stor oppslutnad om festivalen i fjor, og eg har tru på at dette skal bli vellukka. Kjenner på meg at det eit stemningsskifte på gong blant veljarane og at oljelobbyen er på defensiven. Eg har aldri vore så spent foran noko stortingsval som det i år, må eg seie.

Trondheimsfestivalen går over ei heil uke frå laurdag til fredag. Sjå det varierte og innhaldsrike programmet